Lokalnytt

Redningetatar med øving i Streketunnelen

Det er planlagt redningsøving i Streketunnelen på fv. 60 måndag kveld 24. august. (Illustrasjonsfoto, Anne Marit Ø. Johansen)

Møre og Romsdal fylkeskommune og naudetatane skal ha redningsøving i Streketunnelen på fv. 60 mellom Stranda og Hellesylt måndag 24. august.

 Pressemelding

Det blir kolonnekøyring på fv. 60 mellom Hellesylt og Stranda måndag 24. august mellom kl. 18-19 og kl. 20-21. Mellom kl. 19.00 og kl. 20.00 blir tunnelen heilt stengt. Publikum vil kunne sjå røyk frå tunnelen. Det er ikkje lokal omkøyring på staden.

 

– Det skjer færre ulykker i tunnelar enn på vegane, men ulykkene blir ofte meir alvorlege. Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane og difor veldig viktig å øve på, seier brannvernleiar Olav Amund Myklebust i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Tunnelar over 500 meter er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være jamlege øvingar med naudetatane.

 

Veit du kva du skal gjere om det skjer noko i tunnelen du køyrer i? 

  • Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengt med raude lys eller bom.
  • Om det skjer noko i tunnelen, bruk naudtelefonane og ikkje mobiltelefon. Operatørane vegtrafikksentralen vil sjå kva tunnel du ringer frå og nøyaktig kor i tunnelen du er. Det er viktig informasjon for å kunne hjelpe deg. Operatøren vil varsle naudetatane om hendinga krev det og gi deg råd om kva du skal gjere vidare.
  • Om du lausnar eit brannslokkingsapparat i tunnelen blir også vegtrafikksentralen og får informasjon om kor i tunnelen du er. Tunnelen blir automatisk stengt.
  • På alle naudstasjonar i tunnelen står det avstand til næraste opning på tunnelen.
  • Vurder situasjonen. Køyr ut av tunnelen om det er mogleg. Følg alltid instruksjonane du får om køyreretning frå vegtrafikksentralen eller naudetatane.
  • Forsøk å varsle møtande trafikk.

 

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune:

Brannvernleiar Olav Amund Myklebust, telefon 908 95 110

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380