Lokalnytt

Restaurant Øcal til sals

Øcal sin eigedom og restaurant på Hellesylt, like ved den kjende fossen blir no lagt ut for sal.

Hellesylt sin gode og populære serveringsstad, Restaurant Øcal er til sals. -På grunn av helsemessige årsaker ønskjer vi å selje restaurant og tilhøyrande bygg, helst til lokale kjøparar, seier Ramazan Øcal.

Det er ein litt alvorsam Ramazan som kjem med den skuffande nyheita til hellesylt.info måndag. Restauranten ved Hellesyltfossen som han har vore med å drifte dei siste åra har blitt ein viktig og populær samling –og serveringsstad på Hellesylt. Men etter 23 år som familiebedrift, og der klokka ikkje har styrt arbeidsdagen ønskjer dei no å selje.
Og Ramazan Øcal har eit stort ønske. At det er lokale kjøparar som er interessert, og at drifta kan halde fram om lag som før.

-Sesongen i år har vore bra, men kort og hektisk, slik vi forventa. Men det er begrensa kor mykje ein kan tene på ein kort sommarsesong. Potensiale for god drift er der om ein berre står på litt ekstra. Vi i Øcal har aldri hatt økonomiske problem, og om ikkje helsa hadde skranta hadde vi nok halde fram med verksemda, seier Ramazan Øcal.

Ramazan Øcal har hatt visse helseplager siste tida, og ønskjer no å selje heile eigedomen like ved Hellesyltfossen.

Det var i 1998 at Tahir Øcal kom til Hellesylt og starta opp restauranten ved Hellesyltfossen. Her vart det sal av mykje god mat, mellom anna fleire pizza-variantar som fall i smak hos folk. Og etter kvart kom også ei softis-maskin som mange sette pris på. Lokala og restauranten har blitt utvida og pussa opp minst to gonger, og har no plass til godt over hundre personar.

Ramazan Øcal håper å få gjennomført salet av heile bygget med restaurant og inventar i løpet av 4 – 5 veker. Det er seksjonert takst av fyrste og andre etasje, og av drifta. Interesserte kan kontakte Ramazan Øcal på mob. 941 35 096.

Og kvar skal han sjølv slå seg til etter sal av restauranten? –Eg skal bu på Hellesylt framleis, seier Ramazan Øcal.

I tillegg til mange plassar inne har restauranten stor overbygd uteplass med utsyn til liv og røre i Hellesylt sentrum.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380