Riggar for filmopptak på Helsetkopen

I godt ver har fleire helikopter trafikkert strekninga Hellesylt til Helsetkopen dei siste to dagane. Det blir frakta utstyr til fjelltoppen for førebuing av filmopptak.
Oppe på fjellet reiser det seg installasjonar, mellom anna eit stilas som er synleg heilt ned i dalbotnen. Det er store dimensjonar med andre ord.
Store mengder utstyr ligg på Hellesylt og skal truleg til Helsetkopen, det vere seg filmutstyr, toalett, aggregat, og byggverk for servering og opphald. 60 tonn betongklossar skal også opp til toppen for å sikre utstyret mot sterk vind, vart opplyst på informasjonsmøte på Hellesylt nyleg.
Det har kome ut lite offentleg om kva film som blir førebudd spela inn. Dei fleste media er likevel sikre på at det er Mission Impossible 7 det er snakk om, og med Tom Cruise i ei hovudrolle. Både lokal presse og NRK Møre og Romsdal har hatt sine oppslag, og denne veka kom også TV2 nyheiter med informasjon der det blir slått fast at Tom Cruise er venta til filminnspelinga.
TV2 siterer avisa Bergen Tidende som skriv at Mission Impossible 7 har fått arbeidstittel «Libra». I Sunnylvsbygda har Luftfartstilsynet etter søknad innvilga flyforbod i ei sone frå Frøysanibba til Hellesylt i tida 30. august til 11. september. Innafor denne sona ligg også Helsetkopen. Redningshelikopter, politihelikopter og militære fartøy er unnateke flyforbodet.
På informasjonsmøte på Hellesylt torsdag 13. august mellom representantar frå selskapet Truenorth og lag, organisasjonar og grunneigarar orienterte linjeprodusent Per Henry Borch på spørsmål frå dei frammøtte, men ville ikkje stadfeste at det var omtalte Mission Impossible det skulle gjerast opptak til i Hellesylt. Men til Hellesylt ville det kome mykje folk i samband med opptaka, og selskapet var svært opptekna av å ha gode rutiner for smittevern mot korona-epidemien. Rutinane ville bli enno stramare enn det helsestyresmaktene har lagt opp til, sa han.
TV2 skriv at filmcrewet skal opphalde seg på eit innlegd skip frå Hurtigruta under filminnspelinga på Hellesylt som skal vere ferdig til 18. september. At Hurtigrutebåten Fram legg til på Hellesylt er heller ikkje stadfesta, og torsdag 20. august ligg båten framleis trygt ved kai på Åndalsnes. På Hellesylt er det tom cruise kai.