Notiser

Rosar området og det «stolte» fjellet

To basehopparar etter landing frå Helsetkopen, Tom Erik Heimen til venstre, og Cato Nordbakk.

Helsetkopen i Sunnylvsbygda like ved Hellesylt er på nytt aktuell for filmlerretet, denne gongen for ein ny Mission Impossible-film. Fjellet og området kring får rosande omtale av basehoppar Tom Erik Heimen.

Basehoppar Tom Erik Heimen kjenner Helsetkopen og folk i bygda nedanfor godt. Mellom 50 og 100 gongar har han kasta seg ut frå fjelltoppen nær Hellesylt, som er et populært fjell blant basehopparar fra inn- og utland, og forklarer det slik til Romsdal Budstikke.

– Det er flere grunner til det. De som bor under fjellet, er kjempehyggelige, og liker å ha besøk av oss. Så er det en utrolig fin tur opp, som alle kan gå. Du går over ei elv og opp til ei seter og det er kjempefin utsikt der oppe. Går du litt lenger andre vegen, kan du se innover Geirangerfjorden. Det er utrolig naturskjønt, og en trygg plass å hoppe under gode forhold, og en fin plass å fly vingedress, forbi fossefall og det hele, forteller han.

I desse dagar blir det jobba for å gjere klart for filmopptak i september til Mission Impossible 7 på og kring Helsetkopen.

Sjå video frå World Base Race i Helsetkopen 2012: https://www.hellesylt.info/2012/08/video-fra-helsetkopen/

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380