Skåra mykje og vann
Sunnylven IL sitt jenter 09 år var mellom laga som deltok i mini-turnering i fotball i Stordal laurdag. Laget gjorde det godt og vann alle sine kampar
Sunnylven IL Fotball sitt J 09-lag består av seks jenter og to gutar. Laurdag var dei i Stordal på turnering der dei møtte Ørskog kvit, Ørskog blå, og Valldal. Laget vann alle sine kampar og skåra mange mål etter godt spel og god innsats.
Desse spelar på Sunnylven jenter 09-år: (bildet frå venstre) Emma, Therese, Erle, Siril, Kai Adam, Tuva Marie, Ane, Fredrik.