Skjenkeløyve til MS Fridtjof Nansen
Stranda kommunestyre gjekk inn for søknaden om skjenkeløyve til hurtigruteskipet MS Fridtjof Nansen under opphaldet ved Hellesylt kai.
MS Fridtjof Nansen skal vere hotellskip for filmarbeidarar og ligge ved Hellesylt cruisekai frå 29. august til 25. september.
Båten har statleg skjenkeløyve, men ved ankring til kai må båten også ha kommunal løyve. Det skal ikkje skjenkast til besøkande frå området, berre til arbeidarar som arbeider med filminnspelinga.
Saka kom opp som hastesak på møte i Stranda kommunestyre onsdag 26. august. Saka var ikkje behandla i dei faste organ i kommunen, som HOK. Leiar i HOK, Jostein Dalen bemerka dette, men ja, dette løyvet vedkjem ikkje innbyggarar i Stranda, sa han. Andre kommenterte ikkje saka som vart vedteke, mot ei røyst frå Krf.
MS Fridtjof Nansen ankrar truleg opp ved Hellesylt cruisekai laurdag 29. august. Kaia ligg i skuggen for TV-signal, men bebuarar om bord får fjernsynsbilete likevel. Etter det hellesylt.info er kjent med er det søkt om tilknyting til det utbygde fibernettet i Hellesylt.