Lokalnytt

Strålande konsert i våtsamt ver

Bandet KILT på scena i amfi Øvre Ljøen. Frå venstre Olai Særeås Kristoffersen, Bertine Lade, Anna Kristine Storstein Forbord, Knut Iver S. Røyrhus, Matti Kjellstadli, Espen Ringdal.

Dårleg ver øydela ikkje konserten i Øvre Ljøen Amfi laurdag kveld. På scena stod eit ungt lokalt band, alle i eller nær ten-åra og framførte melodiar i tonar og tekst av kjente, store skaparar av populærmusikk.

Nokre av medlemar i bandet KILT starta si reise i song og musikk i ungdomskoret Joyful, men alle dei seks har fått sine viktigaste læringstimar av dyktige lærarar i Stranda kulturskule.

Laurdag kveld baud ikkje veret så fristande til utekonsert, men i amfiet på Øvre Ljøen sat 85 betalande både trygt og tørt, og stødig stod KILT på utescena med både tak og veggar rundt seg.
Den fyrste store konserten med bandet vart ein suksess, dei meistra prestasjonsnervar og leverte så det bokstaveleg song etter med både driv og rytme frå songvokalistar og instrument. Tåkedottane og dei hissigaste regnbygene måtte berre drive av inn Korsfjorden.

Repertoaret til dei seks talde heile femten songar av mellom anna Bruno Mars, Abba, Queen, The Beatles, det kom vakre melodiar frå Guns n`Roses, og låtar med meir volumtrykk av Bruce Springsteen.
-Vi var litt nervøse i starten, men det gjekk over. Vi fekk framført alt slik vi håpa og trur det var bra. Men mange har hjelp og støtta oss framfor denne konserten og det er vi glade for, sa Bertine og Anna Kristine etter at lys og volumknapp var skrudd av.

Olai Sætreås Kristoffersen er ny og yngste tilskot i bandet, men gitaren trakterer han som ein erfaren musikar. Etter konserten var han berre eit stort smil, det var kjempeartig å få vere med på, sa han. Bertine Lade spelar bassgitar og syng, og hadde mellom anna ein vakker duett saman med Anna Kristine Storstein Forbord som er den faste songvokalisten. Espen Ringdal spelar el-gitar som vi spår kan bli ein meister på instrumentet. Nesten ny i bandet er også Matti Kjellstadli som spelar tangentinstrument, eit el-piano som høver godt i instrumentering for bandet. Og aller bakerst og som dei andre presenterte som «bråkmakaren», sat trommeslager Knut Iver S. Røyrhus. Jobben gjorde han til gangs, så bra at -no er eg låk i øyrene, sa han til hellesylt.info etterpå.

Før publikum fekk oppfylt sitt «krav» om ekstra nummer etter konserten, takka Anna Kristine på vegne av bandet til mange. Ho nemnde sjølvsagt publikum som kom i eit flott antall, vertskapet Bonsaksen på Øvre Ljøen, og Sparebanken Møre som var hovudsponsor og støtta konserten økonomisk.

Og bandet hadde med ein blomsterbukett. Den gjekk til lærar Erik Torset frå Stranda kulturskule. –Han har følgd oss i tre år og betydd alt for at vi kan spelar i lag i KILT, sa Anna Kristine. Læraren har også gjeve gode råd fram til konserten laurdag kveld.
ErikTorset mottok blomane på scena og takka kvar einskild av dei seks, ei fin påskjønning til ein lærar som har betydd mykje for seks flotte ungdommar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380