Notiser

Tur til Verpesdalen

Verpesdalen

Storfjordens Venner arrangerar fellestur til Verpesdalen søndag 16. august. Det blir frammøte og registrering på Gjerdeneset ved Kilsti i Eidsdal før start kl 11.00.

 

  • Asgeir Kvernberg er ferdalos saman med vertar som vil orientere på dei ulike eigedommane
  • Turen går i hovudsak på lett og fin sti. Det er bratt siste stykket ned til Verpesdalen og tilsvarande opp igjen på returen.

Det må reknast med 1,5 – 2 timar kvar veg.

  • Det er ikkje servering på turen. Ta difor med mat og drikke.
  • Pris;  medlemmar i Storfjordens Venner, kr 150,-,  andre kr 200,-

Betaling ved frammøte. Vi tek kontantar, Vipps eller kort.

  • Vi vil minne om gjeldande smittevernreglar.
    • Hald god avstand til andre, minimum 1 meter.
    • Husk god handhygiene.
    • Personar med sjukdom eller sjukdomsteikn kan ikkje delta på turen.

 

Storfjordens Venner ønskjer vel møtt til ein flott tur!

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380