Vann Lysebotn Opp etter god treningsveke

SIste veka i juli trena Simen Hægstad Kruger i Sunnylven saman med tre britiske og ein annan norsk løpar. Her står Kruger til venstre, vidare trenar Hans Kristian Stadheim, Andrew Yong, Kasper Stadaas, James Clugnet, Andrew Musgrave og trenar Jostein Vinjerui.

To økter kvar dag i ei veke var opplegget då fem toppløparar i langrenn var samla i Sunnylven sist i juli. Simen Hægstad Kruger reiste frå samlinga til motbakkerennet Lysebotn opp og vann..

Før dei fem og trenarane avslutta treningsveka i Sunnylven fekk hellesylt.info korte samtalar med løparane og kva dei forventar i komande sesong.

Kasper Stadaas er ein av norges beste i sprint langrenn dei siste sesongane. Han håper på ny framgang også komande sesong, men er usikker på kor mange konkurransar det blir. Korona-situasjonen må betre seg, eller så blir det begrensingar på antall løparar i renna, trur han.
Han er optimist og håper det skal normalisere seg til sesongen startar, for Stadaas har lyst til å vise seg fram, om han ikkje får plass i World Cup så i alle fall å få gå renn både i Norges-cup og skandinavisk cup.

Suveren i motbakkerennet

Begrensa tal på løparar blir det i alle fall under Blink-festivalen som går utanfor Sandnes frå 6. til 8. august. Simen Hægstad Kruger og resten av det norske landslaget av eliteløparar deltek her saman med andre norske løparar. Det blir litt endringar frå tidlegare, mellom anna skal motbakkeløpet Lysebotn Opp gå som enkelstart og ikkje som vanleg med fellesstart.
Om eiga form føler Kruger at den er stigande, men kor god i høve dei andre på det norske elitelaget visste han ikkje under praten vår. Så langt hadde dei ikkje konkurrert mot kvarandre. Det er tidleg enno, men skadefri og med eit godt opplegg må det bli bra også denne sesongen, trur OL-meisteren frå 2018.

Torsdag 6. august stilte Kruger opp i det brutale rulleskirennet Lysebotn Opp og vann. Han var heilt suveren og vann med minuttet til nummer to, ein annan Lyn-løpar Hans Christer Holund. Berre norske løparar deltok, mellom dei fleire landslagsløparar.

Kaldt å vente

Andrew Yong er også i rute formmessig. I fjor gjekk han gode renn, og han opplevde fleire gonger å «puste ut» i leiarstolen i mål. Det kunne bli kalde minutt, spesielt vart det merkbart under eitt renn der han hadde eit tidleg startnummer og gjekk fort. Då vart det kaldt i ulveskinnstolen der han sat i rundt ein halv time, fortel Yong. Han hadde ikkje teke med klær for å sitje der så lenge så skismørjaren til GB måtte låne han både jakka si og andre klede så han ikkje skulle fryse seg sjuk.
– Det gjekk bra, og etter kvart fekk eg avløysing av løparar med betre tid, så då kom eg meg i hus, fortel  Andrew Yong.

Framgang etter operasjon

For Andrew Musgrave går treninga betre og betre. Løparen som var få sekund frå medalje på tre distansar under OL i 2018 har operert akillesen for sju veker sidan. No går det framover, men framleis må han trene litt alternativt i høve til dei andre.

Tredje løpar på det britiske landslaget, James Clugnet er på veg til sin beste sesong nokon sinne, trur trenaren. På fellesøkter på rulleski held han ikkje igjen, men går i tet frå start av. Frå tidlegare er det sprint han har lukkast best i, men til vinteren kan kanskje også lengre distansar gje gode plasseringar for unge Clugnet.

www.hellesylt.info kjem til å følgje med på dei «fleste stavtak» til vinteren for løparane som vi vart kjende med under treningsveka i Sunnylven.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380