Lokalnytt

Verforhold skaper utfordingar på Helsetkopen

Veret har skapt trøbbel for transport til og frå, og for arbeid på Helsetkopen.

Sterk vind, tåke og nedbør i form av både regn og snø har skapte trøbbel for helikoptertransport og arbeid på toppen av Helsetkopen. Vi er forsinka, seier linjeprodusent Per Henry Borch i Truenorth.

Vestlandsveret har gjort det utfordrande og vanskeleg for alle som jobbar med å få opp utstyr og rigging for filmopptak på Helsetkopen. Per Henry Borch i Truenorth fortel om masse snø på toppen i dag måndag 24. august, og i tillegg er der sterk vind.
-Det er utfordrande å få gjort det vi har planlagt, og vi kan ikkje sende mykje folk i fjellet som ikkje er vande med slike forhold heller. Vi har HMS-reglar vi forheld oss strengt til, og i dag er der ikkje heilt trygge forhold. Der er skiføre for klistersmørning, legg han til.

Ber om forståelse

Borch er heller ikkje heilt nøgd med verutsiktene framover. Spesialvarsel for høgare strøk viser mykje vind på Helsetkopen.
-Vi er forsinka, så vi satsar på å jobbe mange timar dei dagar veret er bra, seier Borch og håpar på forståelse for dette av folket i Hellesylt og området om det blir helikoptertrafikk utanom vanleg arbeidstid.
-Vi må ta igjen det tapte av arbeid så vi må jobbe lange dagar når forholda tillet det. Det kan bli opphald berre i kyrkjetida, skjemtar Per Henry Borch. Uansett utfordringar så har han tru på at filmprosjektet blir gjennomført som planlagt

Verforholda på Hellesylt er bra, men på Helsetkopen er det full vinter måndag 24. august. Per Henry Borch håper på betring slik at dei unngår store forsinkingar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380