Arbeidet på Grand Hotell i gong.
Grand Hotell på Hellesylt skal utbetrast tilbake til ei vakker bygning. HT Bygg Hellesylt har starta på jobben med restaurering denne veka.
Flakkgruppen, eigar av Grand Hotell på Hellesylt har inngått avtale med HT Bygg AS om å restaurere det gamle, erverdige hotellet på Hellesyltneset.
I fyrste omgang skal taket gjerast tett, eit tilbygg på baksida mot sjøen skal rivast, og glas og veggkledning skal fornyast.
-Hotellet skal bli presentabelt igjen, tilbake til gamal storheits tid, fortel eiendomsansvarlig i Flakkgruppen, John Egil Giørtz Jacobsen på telefon.
Han er ute på reise, men kjem til Hellesylt seinare og til meir utfyllande informasjon om det som er planlagt å gjere. Tidlegare har hellesylt.info vist teikning av slik fasaden på hotellet vil sjå ut. Vi viser gjerne arkitekt Kipsgaard Pettersen si teikning ein gong til.
HT Bygg kom i gong med arbeidet i dag måndag 28. september. Arbeidet har starta på taket og dei fyrste takhellene er kome på lager på bakken.