Asterix skulle bli potetgull

Potetåkeren på Storstein var stort sett ferdigplukka, men nokre korte fører stod igjen. Dei skulle borna i Trollhola barnehage plukke.
Trollhola, avdelinga med dei største borna i Sunnylven Barnehage brukar å reise rundt i Bygda og Dalen og hjelpe bøndene med potetplukking kvar haust. I år kom 12 av dei til Storstein saman med tilsette for å plukke Asterix-poteter, den nederlandske potetsorten som vart godkjent i Norge i 1998.
Dei hadde med kvar si bøtte som dei plukka i før dei tømte vidare over i kasser. Og jobbe kunne dei, det gjekk unna, og ingen poteter låg igjen der store og små vart plukka i lag. Vi forklara at dei store skulle kokast og bli servert som mat, og dei små skulle bli morpotet og setjast i åkeren neste år for å få ei ny avling «jordeple».
Som løn for jobben fekk borna med litt poteter tilbake til barnehagen. Vi slo frampå at dei kunne kanskje lage seg potetball av dei. Men nei, det lika dei ikkje. Dei ville heller lage seg potetgull.