Debuterer med diktsamling
Tordis Sundgot Urke debuterer i haust med si fyrste diktsamling. –Skrivinga vart min terapi etter at vi mista eldste son vår i ei bilulukke, fortel ho.
Tordis Sundgot Urke debuterer med diktsamlinga «Ein hage av minner». Diktboka kjem ut på 70-års dagen hennar 21. september.
Som barn elska ho å skrive stil, og etter kvart vart ho storfamilien sin husdiktar til store anledningar.
Ho var den fjerde i ein syskenflokk på seks.Tordis vaks opp i Sunnylven, men har budd på Stranda saman med mannen Frik Urke der ho arbeidde i bank nesten heile sitt yrkesliv.
Den store sorga opplevde ho og familien då eldste sonen omkom i ei bilulukke i 2000, og ei veke før døydde mora Solveig. Det var hendingar som sette djupe spor, og nesten overskygga at ei vakker lita jente vart fødd seks månader etter at sonen omkom. I tida etter ulukka vart mange av dikta til, fortel Tordis.
-Skrivinga var min terapi for å arbeide meg gjennom sorga, og eg håpar at den kan vere til hjelp for andre som opplever det same, seier ho.
Skrivinga resulterte i at 21. september 2020 gjev ho ut si fyrste diktsamling, «Ein hage av minner». Boka inneheld rundt 30 dikt, om familie, livet, hendingar, sorg og glede. Det eine diktet, «Erla» vart tonesett av Renate Lade og gjeve ut med Renate som solist.
Kunstnaren Margrete Ringdal har illustrert boka.
–Ho tilbydde seg å hjelpe meg med dette, med teikningar som illustrerer innhaldet. Eg synest det vart ei veldig fin bok, og mykje av æra for det skal Margrete ha, også at diktboka i det heile kom ut, avsluttar Tordis Sundgot Urke.