Forlengar spreiefrist for husdyrgjødsel

Det har i dag blitt sendt ut e-post til bønder i Stranda kommune med orientering om korleis kommunen vil handtere spørsmålet om utsett spreiefrist for husdyrgjødsel hausten 2020.

Vedtaket er:

«Stranda kommune gir for sesongen 2020 generell utsetjing av gjeldande spreiefrist for husdyrgjødsel (20.september) utan nedmolding til 1. oktober.

Grunngjeving:

Vêrtilhøva denne hausten er slik at det mest sannsynleg vil skape større fare for avrenning å halde strikt på regelverket i lokal forskrift enn å opne for utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel.

Fylkesmannen har gitt løyve til å gi unntak frå regelen om at slike søknader skal handsamast individuelt på vilkår av at søkjaren er identifiserbar.»

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380