God øving for brannvernet

Stranda brannvern fekk ei god øving måndag. Det gamle våningshuset brann ned kontrollert.

Folk frå brannvernet i heile Stranda kommune hadde øving då eit eldre våningshus på Øye i Sunnylvsbygda vart brent ned. Brannsjef Inge Teigen var nøgd med øvinga.

Brannvernet i Stranda har mykje utstyr, øver godt og kan jobben. Dermed kunne brannsjef Inge Teigen slå fast då vi snakka med han på slutten av øvingsdagen at alt har gått som planlagt med nedbrenning av det gamle våningshuset. At ei stor driftsbygning stod berre 20 meter unna skapte heller ikkje vanskar for brannfolka.

Rundt 30 brannfolk frå Geiranger, Stranda og Sunnylven hadde delteke og øvd på ulike scenario om eld tok laust i ei bygning. Det var øvd som røykdykkerar, kamera hadde blitt brukt for å finne arnestaden, og mannskapet hadde fått gjort seg kjende med både gamalt, men også ein del nytt utstyr.

Brannsjef Inge Teigen tykte det gamle våningshuset med tømmerveggar var eit godt objekt for øvinga. Tømmerhus kolapsar ikkje like fort som eit hus av reisverk.

Også vasstilførsla hadde fungert heilt flott og kom frå Bygdaelva i dette tilfelle. At dei dusja brannobjektet med vatn var for å gjennomføre brannen og nedbrenninga mest mogleg kontrollert. Det var nok varme til at alt brennbart skulle bli aske til slutt.

Og dusjen som endeveggen på driftsbygninga fekk var også del av god planlegging. Vatnet kjøla godt så låven vart ståande, utan brannskadar

Brannsjef i Stranda, Inge Teigen hadde 30 brannfolk på øving måndag, og hadde full kontroll. På bildet blir endeveggen på låven dusja og nedkjølt. Den fekk ingen brannskade.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380