God start på hjortejakta i Sunnylven

Årets hjortejakt er godt i gong. Ein ringerunde til jaktleiarar rundt om i Sunnylven viser at 46 dyr, det meste koller og kalvar er skote så langt.

I Langedalen har hjortejakta starta godt. Her blir frysarar fylte med godt hjortekjøt også denne hausten. Storvaldleiar Asbjørn Kvam Karbø fortel at så langt har 38 dyr blitt skotne. Det er felt dyr i alle grender i Langedalen, Nibbedalen og på Ringdal. Totalt har dette jaktvaldet fått tildelt 132 fellingsløyver så framleis er der mykje å jakte på. Og dyr er der nok av seier Karbø som sjølv har felt to dyr så langt.

I Øvre Sunnylvsbygda jaktvald er det skote 17 dyr, sju på Frøysa, ni på Bjørdal, og eitt dyr på Vollset. Også her er det mest koller og kalvar som har blitt felt så langt, ei av kollene hadde vekt som skrapedyr, men elles er dyra i bra hald, synest jeger Alf Ole Sundgot på Bjørdal.
Også Reidar Brekke på Frøysa synest hjortedyra ser bra ut. -Vi ser mange dyr, men dei går høgt enno. Vi fleipar med at filminnspeling og Tom Cruise har skremt dei til fjells, men årsaka er nok det fine veret og gode beiteforhold faktisk heilt til topps enno, trur han. Øvre Sunnylvsbygda jaktvald har til saman 83 løyve.

I Nedre Sunnylvsbygda jaktvald er hjortejakta ikkje skikkeleg i gong enno. Berre eitt dyr er skote her, fortel Tore Rusten, fortsatt fungerande storvaldleiar. Han veit at der er mange dyr i området frå Hauge/Helset/Storstein til Korsbrekke så tal skotne dyr vil nok auke etter kvart.
Hjortejakta varer til og med 23. desember.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380