Har prøvekøyrd «Orientekspressen»

Orientekspressen under testkøyring i Romsdalen i dag fredag ettermiddag på Marstein. Foto: Evy Kavli, Åndalsnes avis.

Det store damplokomotivet og Orientekspressen har vore på skinnene i Romsdalen. Mange skodelystne fylgde testkøyringa.

Lokomotivet som alle trur skal trekke kopien av togvogner av Orientekspressen kom med båt frå England til Åndalsnes 8. september.

Fredag var lokomotivet på prøvetur i Romsdalen. –Veret var så bra at vi filma også testturen i dag, sa Per Henry Borch til Åndalsnes avis. Men Borch som sjølv ikkje oppheld seg i Romsdalen fredag, retta ein advarande finger til dei mange skodelystne som samla seg og bevega seg litt for nær toglinja. – Vi ønskjer ikkje at det skjer ulukker, sa Borch og viste til at også togføraren tykte mange var litt nærgåande. Men turen og testkøyringa gjekk bra.

Kva dei store mobilkranene som er sett opp på Horgheim skal brukast til står spørsmålet framleis ubesvart. –Vi er ikkje komne til den luka i adventskalendaren. Du får vente og sjå, var svaret.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380