Hellesylt Småbåtlag held årsmøte

Hellesylt småbåthamn ein dag i juli 2020.

Det blir årsmøte i Hellesylt småbåtlag på Øvre Ljøen torsdag. På saklista står vanlege årsmøtesaker.

Grunna korona-epidemien blir årsmøte halde i Amfiet på Øvre Ljøen. Der skal vere god plass til å halde helsemyndigheitene sine pålagde avstandar, i tillegg at der er tak og leveggar.
Men ta gjerne med litt ekstra med klede om temperaturen blir lav, anbefaler leiar i laget Frank Ole Bonsaksen.
Skulle veret bli ekstra surt har vi god plass på låven, seier han. Også låven er istandsett som forsamlingslokale på Fjellgården Øvre Ljøen.
Det blir servering av mat og forfriskingar under årsmøtet som er torsdag 10. september klokka 19.00.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380