Notiser

Helsetkopen, basehoppfjell og filmkjendis

Like ved gardsbruka på Helset reiser det seg bratt og mørkt, og slik har det stått til skrekk, men også freisting for folk og fe langt, langt lenger enn området har hatt busetnad.

Foto: hellesylt.info/World Base Race.

Mellom dei mange fjella diktaren Ivar Aasen skreiv om var kan hende Helsetkopen, det 1246 meter høge fjellet i Sunnylven. Alltid like traust i all slag ver, i regn, snø, og vind opp i orkan styrke. Det «stolte fjellet» med eit fritt fall frå toppen på fleire hundre meter har aldri endra seg, men eitt og anna steinsprang har ramla frå den grå og svarte fjellveggen. Det spesielle er at fjellet har blitt eit populært satspunkt for nye utøvarar innan ekstremsport, og no også som filmarena for aktion-filmen Mission Impossible.

Fann fjell for ekstremsport

Det var i 2002 det heile starta, folk ville prøve korleis det var å vere fugl, å fly gjennom lufta. Paul Fortun frå Ås i Østfold hadde funne sin sport i fallskjermhopping og fjellflyging frå Kanthammaren i Innfjorden i Rauma kommune. No hadde han merka seg eit nytt fjell på Sunnmøre, nemleg Helsetkopen i Sunnylvsbygda i Stranda kommune.

Paul Fortun var den aller fyrste som hoppa ut frå Helsetkopen. Jonny Bjørkås til høgre.

Usikker kjentmann

Paul Fortun var den aller fyrste person som hoppa ut frå Helsetkopen med fallskjerm på ryggen og landa trygt. Det skjedde ein dag i 2002, der han var saman med ein annan på tur til toppen som hevda å ha hoppa frå fjellet før. Men det kunne ikkje stemme, fortel Paul Fortun. Då vi kom til toppen visste han knapt at vi var på Helsetkopen, og langt frå kvar på fjellplatået vi skulle satse utfor.
Vi diskuterte kven av oss som skulle hoppe fyrst, det var nok litt skremmande for oss begge å stå på kanten av stupet med overheng og eit fritt fall på fleire hundre meter.

Det vart til at eg skulle hoppe fyrst, som eg gjorde. Alt gjekk bra, eg landa trykt ein stad i bygda nær Helsetvatnet. Turkameraten min hoppa etter meg, og også han kom heilskapt ned heldigvis.

Kongen av Kopen, Frode Johannesssen til venstre, her saman med Ronny Risvik.

Starta World Base Race

Der og då vart ein ny ide fødd, fjellet måtte då vere ein flott stad til å arrangere konkurransar i fjellflyging, World Base Race, tenkte Fortun. I 2003 kom han og Jonny Bjørkås frå Bodø til Helset for å presentere planar om å arrangere konkurransar frå fjellet. Det verka litt vilt for oss som var til stades på informasjonen.
Dei to karane var fyrst og fremst ute etter løyve til å lande nedfor Helsetkopen, noko dei håpa grunneigarane på Helset ville seie ja til. Andre stader hadde det ikkje vore berre enkelt å få eit slikt løyve, men på møte i stova til Fredrik Helset der planande for fjellflygingkonkurransen vart presentert, var det ikkje noko problem.
-Vi banket på hos Helset, og der var det bare stas, og ikkje noe problem å lande hos de. Kjekke folk.

Arrangør

Paul Fortun vann aldri nokon tittel i Helsetkopen, men var arrangør av både NM og WBR her i mange år. Men det var nok av gode fjellflygarar som kom for å trene og konkurrere ifrå fjellet. Vi huskar vinnarar som Ronny Risvik, godt vaksne Tony Uragello frå UK, Robert Pecnik, Chris Byrnes frå Australia, Cato Nordbakk, Tom Erik Heimen, og ikkje å forgløyme Frode Johannessen, kongen av Kopen som vann heile fire gonger dei fem fyrste åra. Mellom damer vart Livia Dickie den ubestridte dronninga.

Som ørna

Alt har si tid, no har det gått nokre år utan konkurranse i fjellflyging, men Helsetkopen er framleis eit populært fjell for basehopparar. Sommaren 2020 har fleire ti-talls personar, kanskje rundt 50 fått oppleve det spektakulære, store aldrenalin-kikket å segle gjennom lufta som ei kongeørn

På motorsykkel

I august og september atten år seinare etter Paul Fortun er det gjort klart for nye flygeturar frå Helsetkopen, med rennafart på motorsykkel. I aktionfilmen Mission Impossible som blir spela inn mellom anna i og på fjellet Helsetkopen skal Hollywood-stjerna Tom Cruise køyre motorsykkel ut frå ein diger rampe på toppen, og ta seg ned på trygg grunn på Helset ved hjelp av fallskjerm.
Han har øvde på motorsykkelen på flatene på Helset, og vi har sett han og ein stuntmann gjort mange hopp frå helikopter i fallskjerm. Det blir spanande.

Martin Janssen bor under Helsetkopen og har laga kunstferdige premiar til konkurransane. Her med nokre av dei.
Tom Erik Heimen t.v og Cato Nordbakk
Ein gjeng basehopparar samla ved Helstokk camp under Helsetkopen

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380