Lokalnytt

Helsetkopen i kikkerten søndag

Motorsykkelrampa rager høgt på Helsetkopen.

Interessa for innspeling av Mission Impossible er fortsatt stor på Hellesylt. Men det store motorsykkel-stuntet med Tom Cruise let vente på seg.

Kikkerten har blitt flittig brukt av mange under Helsetkopen i Sunnylvsbygda dei siste dagane. Alle ventar på det spektakulære som skal skje frå rampa høgt oppe på Helsetkopen der filmkjendis Tom Cruise skal køyre utfor med motorsykkel, og i filmen lande på ei togvogn?

Innspeling av scener til Mission Impossible har blitt hindra av veret i området, spesielt av vind som har vore for sterk til motorsykkel-stuntet. Men mykje er truleg også festa til filmrullane alt, det er registrert fleire droner i lufta, eit helikopter har jobba mykje med eit nasekamera, og ei lang arm med kamera har svinga mykje på Helsetkop-platået.

Eit ambulansehelikopter i fjellmassivet under toppen av fjellplattået, truleg for å gjere visse målingar.

Men det er «flygeturen» til Tom Cruise alle kikkert-tittarane ventar på. Tidlegare i veke 36 var forholda nesten bra, men med to knop for sterk vind. Dermed vart scena utsett.

Filmselskapet har tidlegare fått innvilga helikopterløyve til rigging og innspeling. Nyleg søkte Truenorth Norway AS om utvida løyve til flyging også på laurdagar og søndagar, noko Stranda kommune har innvilga.
Verutsiktene for søndag 6. september er gode, så kanskje kan Tom Cruise «rase» ut for rampa på sin motorsykkel då, og lande i sin fallskjerm ved Helsetvatnet 1100 meter lavare. Fleire har registrert at han har førebudd seg til dette og øvd både i fallskjermhopping og køyring med motorsykkel på flatene på Helset.
Om stuntet skjer på søndag er tipping. Det er uråd å få ut informasjon, for verken e-post eller sms blir besvart av filmselskapet.

Langs fv. 80 midt i Sunnylvsbygda stod mange skodelystne og venta på stuntet med Tom Cruise. Det skjedde ikkje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380