Konfirmasjon i Sunnylven

Søndag 27. september vart åtte ungdomar konfirmert i Sunnylven kyrkje. Sokneprest i Sunnylven og Stranda, Jakob Skovgård Højlund leia gudstenesta.
Grunna korona-epidemien følgde ein helsestyresmaktene sine smitteverntiltak i kyrkja. For at ikkje for mange vart samla på ein gong vart dei åtte konfirmantane med familiar delt i to gudstenester, fyrste samling klokka 10.30 og den andre klokka 12.00. Det fungerte godt.
Hellesylt.info presenterer bilde av dei to konfirmantgruppene saman med soknepresten.