Notiser

Lievarden, også ei turperle.

Frå Liavarden med utsyn mot Stranda

Vi har gått Ljøbrekka, Flofjellvegen, Kjellstaddalen og fleire. Denne veka fann vi ei ny turperle, Liavarden i Stranda.

Det er kjekt å variere turmåla, ikkje mot dei høge, kvasse tindane, men meir i flatt lende utan klatretau, stegjarn eller isøks. Frå garen Liene i Stranda til Liavarden fann vi ei ny, flott turrute for pensjonisten.

På rundt 400 meter o.h. ligg garden Liene, eitt av dei største geitmjølkbruka i fylket med rundt 300 mjølkegeiter. I eit kort møte med gard-folket fretta vi ut at det blir hausta vinterfor frå seks andre bruk i Bygda, for i tillegg til geitene har Bodil og Tor Lie 90 vinterfora sau.

Litt av heimebøen til garden Liene, eitt av dei aller størte geitbruka i fylket.

Her var stor parkeringsplass. Til Liavarden på 800 m.o.h. tok turen i behageleg tempo og etter god råd knappe to timar. Turråsa gjekk mellom gamle furutre og bjørk, og utsikta var storfelt. Såg vi dit vi kom frå låg tettstaden Stranda og Liabygda, og på fjorden seig ferja fram og tilbake. Og vi såg heile tida den «grøne lunga» i Liene med beitande sauer på bøane.
Vi gjekk etter ein åsrygg, og på eine sida låg dalføre inn mot Vassetdalen, og på andre sida Storfjorden med utsyn mot Skrednakken, Røbbervika, og Smoge.
Her gjekk vi nesten åleine i flott ver og behageleg temperatur i slutten av september. Dagen før hadde folkevandringa mot Liavarden, og kanskje enno lenger vore stor, fekk vi oss fortalt.

Det vart ei ny, flott turoppleving til eit nytt turmål som truleg blir årviss heretter.

Utsyn mot fjorden, Skrednakken og Liabygda i bakgrunnen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380