Mellom web-kamera hos Sunnmørsposten

Hellesylt.info sitt web-kamera har hatt mykje «trafikk» i det siste. Link til kameraet finn ein no også hos Sunnmørsposten.
Sunnmørsposten har fleire web-kamera ute i distrikta, frå Valldal, Geiranger, Brosundet og Fjellstua i Ålesund. Etter henveldelse tidlegare i haust ønska avisa også å lenke seg opp til det privateigde webkamera til www.hellesylt.info.
I dag 11. september er det tilgjengeleg saman med dei andre kamera. «Korleis er veret på Hellesylt i dag» Sjekk det her: https://www.smp.no/webkamera/2020/09/11/Hellesylt-22583779.ece