Ny rekord for hellesylt.info

Nettstaden www.hellesylt.info opplevde ny rekord av lesarar søndag 6. september, der heile 5727 visningar vart registrert. Scena med Tom Cruise frå Helsetkopen var sjølvsagt toppsaka.

Foto: hellesylt.info

Den gamle visningsrekorden på hellesylt.info var på 4520 og frå Hellesyltdagane 2015. Fem år seinare vart rekorden ettertrykkeleg slått då det søndag kl. 23.59 vart registrert 5727 visningar. Oppslaget som tok heilt av søndag var «Utfor Helsetkopen» , bilder av superstjerna Tom Cruise som køyrde utfor fjellet på motorsykkel fleire gonger og landa trygt på jorde på Helset.
Heile 2315 visningar vart registrert på denne saka.

Men også «Helsetkopen, basehoppfjell og filmarena» og dagens bilde «Krusar frå Kopen» vart sett nær 500 gonger. I tillegg vart også gamle og nye saker lese.
Interessa for saker på www.hellesylt.info har auka, vi blir referert til i større media, og får stadig positive tilbakemeldingar frå nærområdet, inn –og utland. Det viser at nettstaden har sin plass som nyhendeformidlar.

Tom Cruise (i midten) tok seg tid til å prate med tilskodarane søndag, Regissør Christopher McQuarrie til høgre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380