Nye opptak på Helsetkopen?

Oppe på Helsetkopen 1246 m.o.h. har det kome snø siste natt. Mannskap måkar og gjer klar, truleg for nye filmopptak.

Det blir måka snø av plattformer på Helsetkopen i dag torsdag. Og helikoptertrafikk tydar på at Tom Cruise er tilbake i bygda for nye filmopptak.

Det har vore stor helikoptertrafikk til og frå Helsetkopen på føremiddag torsdag 10. september. På toppen ser ein mannskap måke snø og klargjere plattformer, og den lange kamerastonga er på plass på fjellkanten. Truleg kjem det nye halsbrekkande stunt i løpet av dagen då også verutsiktene er gode for torsdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380