Nye reglar for besøk ved institusjonar i Stranda

Stranda kommune skjerpar reglar for besøk og vikarhjelp ved alle institusjonar i kommunen

Stranda kommune ved kommuneoverlegen har i dag 17. september kunngjort endra reglar for besøksrutiner og vikarhjelp ved institusjonane i Stranda kommune for personar frå utlandet og frå Oslo, Bergen og Viken fylke

Det blir vist til auke av koronasmitte både internasjonalt og siste tida også nasjonalt og vedtak av kommuneoverlegen august 2020 om at

  1. pårørande som har vore utanfor Norge og vil på besøk på institusjon, må vente 10 dagar etter heimkomst før besøk

Det har nasjonalt blitt registrert ein særleg smitteauke i Bergen, Oslo og Viken fylke. Av denne grunn har kommuneoverlegen etter drøfting i Stranda kommune si kriseleiing i dag  17.09.2020 ytterlegare gjort vedtak om

  1. restriksjonar 10 dagar for pårørande før  besøk eller vikarar/ekstrahjelp før arbeide på  institusjonane i Standa kommune for personar som kjem til Stranda frå Bergen, Oslo eller Viken fylke og frå utlandet  (ref. pkt. 1)

Vedtaka gjeld inntil smittesituasjonen er betryggande.

Arne Gotteberg
Kommuneoverlege i Stranda

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380