Lokalnytt

Rusta opp turrås med korona-pengar

Grillpanna merka Vardegjølet er på plass på stativ skrudd fast i berget. Her kjem også eit stort steinbord.

Turråsa etter den gamle kløvvegen frå Rindekroken over Vardegjølet til Hole er stasa opp. Litt arbeid står att, men skog er rydda og grillpanna er på plass.

Opprustinga av turvegen over Vardegjølet kom i gong etter at det vart søkt på statlege korona-middlar i sommar. Totalt fekk prosjektet ca. 70.000.- kroner til skogrydding, grøfting, til grillplass med grillpanne og bord, og til eit sikringsgjerde. Som søkjar stod trimgruppa i Sunnylven IL.

Inge Bjørdal hjelpte med søknaden og har koordinert mykje av arbeidet. Han fortel at det meste av skogrydding er gjort, og grillpanna kom på plass sist helg. No står det igjen litt grøfting, å få på plass sikringsgjerdet på det høgaste punktet på den gamle kløvvegen, og i tillegg skal eit steinbord plasserast på grillplassen. Han trur alt blir ferdig i løpet av hausten om det kjem nokre fineversdagar til.

Bjørdal fortel at mykje arbeid er gjort på dugnad, og håper at fleire stiller på meir for å få prosjektet ferdig. Det måtte leigast inn traktor med vinsj for å ta ut større skog, og det blir utgifter til grillplass og gjerde. Resten av korona-pengane går som tilskot til trimgruppa i Sunnylven IL, seier Inge Bjørdal.

Etter at skog vart fjerna kom mange flotte parti fram etter den gamle bygdevegen.
Nesten oppe på det høgaste punktet på turvegen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380