«Ryddedag» i Sunnylven

Onsdag 30. september kan grovavfall og miljøfarleg avfall leverast på Hellesylt mot framvising av miljøstasjonskort. (Arkivfoto frå 2015)

Onsdag 30. september er den store ryddedagen i Sunnylven. Då kjem Årim til Hellesylt for å hente tonnevis med grovavfall

Årim kjem med mobil miljøstasjon til Hellesylt onsdag 30. september. Det blir den store ryddedag i Sunnylven i år.
På same stad som tidlegare år, på ferjeoppstilingsplassen ved Hellesylt bro mellom kl. 12.00 og 18.00 kan grovavfall og miljøfarleg avfall leverast gratis mot å vise fram miljøstasjonskort.

Dei fleste betaler for ein restavfallsdunk, og kan i tillegg levere 600 kilo/6 kbm.avfall til sortering, 1000 kg. farleg avfall, og fri mengde elekrisk og elektronisk avfall. Om ein betaler for større restavfallsdunk, er kvota på miljøkortet også større, står å lese i brosjyre frå Årim.
Tidlegare har «storbossryddinga» i Sunnylven vore i samarbeid med Stranda gjenvinning & Transport. I år står Årim for avfallsmottaket på Hellesylt åleine.

Dette er noko av det som kan leverast:

*Elektrisk og elektronisk avfall,
*fårleg avfall (målingsrestar, kjemikaliar, batteri o.l.),
*metall,
*bildekk med og utan felg,
*trevirke (mindre kapp),
*utrangerte møblar og madrasser,
*kjøkken og baderomsinnredningar,
*syklar og anna sportsutstyr,
*større mengder papp,
*isolasjon og isopor,
*interiørartiklar, vindauge.

Dette kan du ikkje levere:

Matavfall,
Bygnings –og rivingsavfall
Deler av motorkøyretøy,
Hageavfall,
Landbruksplast,
Asbest og eternitt,
Legemiddel og medisinsk utstyr,
Fyrverkeri.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380