Set inn MS Finnmarken

MS Finnmarken. (Foto: Lukas Riebling)

MS Fridtjof Nansen har fungert som opphald –og overnattingsstad i samband med innspeling av Mission Impossible, men er snart ferdig med oppdraget på Hellesylt. MS Finnmarken blir leigd inn i staden.

Hurtigruten har akseptert forslaget om å bytte ut MS Fridtjof Nansen med MS Finnmarken som utleigeskip for opphald og overnatting i samband med filminnspeling.

I følgje www.smp.no blir MS Fridtjof Nansen erstatta med MS Finnmarken i veke 38.
Bytet av skip skjer etter at næringsminister Iselin Nybø og politiet har meint at bruk av MS Fridtjof Nansen som hotellskip er ulovleg og i strid med loven.

Hurtigruten har hatt ei anna oppfatning av lova, og tolka den annleis. Men no er kravet blitt akseptert og MS Finnmarken blir sett inn i oppdraget i staden, i følgje nettstaden til Sunnmørsposten.

MS Finnmarken er bygd ved Kleven verft i Ulsteinvik og sjøsett i 2002. Båten som er 136 meter lang har ein kapasitet på 1000 passasjerar. MS Finnmarken har tidlegare vore utleigd som hotellskip til Australia i 2010.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380