Lokalnytt

Siste konsertkveld på Øvre Ljøen

Eit konsertminne frå Fjellgården Øvre Ljøen amfi sommaren 2020, Høgt over Sunnylvsfjorden sat musikkartist Bjarne Brøndbo på scena og leverte. Ei god sommaroppleving.

Aksel Kolstad Show laurdag 5. september avsluttar ein lang og flott konsertsommar i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi. Amfiet opnar klokka 17.00, og konsertshowet varer seks timar

Aksel Kolstad har med eigne komposisjonar og stand up materiale som har fått stående ovasjonar i fleire av dei største konsertsalane verda over. Til dømes har Göteborgsposten kalla Kolstad for «Notidas Franz Liszt».

Laurdag kveld gjestar konsertpianisten Aksel Kolstad Fjellgården Øvre Ljøen Amfi. Han har med seg Michael Charlotte (Koala Queen) og Stine Hole Ulla, artistar som avgjort vil vere med å gjere det heile til eit minneverdig show. DJ BIGS avsluttar kvelden, og då får alle muligheit til å treffe artistane som har delteke på avslutningskvelden.

Dette er sjette konsert i fjellgården sitt amfi denne sommaren. Vi har vore der på alle før, har opplevd flotte konsertar med lokale artistar, nasjonalt kjente, men også ukjente for oss. Veret har variert, men amfiet har tak og med leveggar, så dei musikalske opplevingane blir huska best. Å leite fram dei største kveldane er vanskeleg, men Storkultur tidleg i juni, Bjarne Brøndbo 8. august, og ikkje minst ungdomsbandet KILT 22. august var kveldar som vi tykte om, og der veret ikkje betydde så mykje.

Siste arrangement i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi 2020 opnar klokka 17.00 laurdag 5. september, og konserten som varer i 6. timar startar klokka 18.00. Billett kan ein kjøpe på nett; www.bonseye.org

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380