Spor frå vikingtida på Ljøsætra

I samband med detaljregulering for bygging av hotell tinga Stranda kommune ei arkeologisk gransking av eit avgrensa område på Ljøen og Ljøsætra. No er svar kome tilbake frå fylkeskonservatoren.
I svaret kjem det fram at etter undersøkingar på Ljøsætra er det påvist eit område med kulturlag frå sein vikingtid/tidleg mellomalder. Dette blir rekna som den eldste fasen på sætra, og inneber at det aktuelle området er å rekne som automatisk freda, står å lese i svaret til kommunen.
På Ljøen er det påvist fossile dyrkingsspor over det meste av arealet, med unnatak av tunet og dei mest intensive dyrka areala.
Alderen på dette vil inverke på vernestaus og på området som kan bli freda, skriv Heidi-Iren Wedlog Olsen hos kulturdirektør og fylkeskonservator Bjørn Ringstad.
Funn å vise fram
Hellesylt.info synest funna er interessante. Det må vel vere midt i blinken for turistar som ønskjer å oppleve attraksjonar å kunne bu og vandre i områder der personar frå urgamal tid har opphalde og livberga seg. Det kan vere naudsynt at noko blir hegna om som historiske skattar, men vi kan ikkje verna/frede og stenge for utvikling. Vi må kunne bygge og bu her i landet og i tillegg få lov å vise fram det særeigne som ein kan finne av natur og verdfull arkeologi, til dømes på Ljøen og Ljøsætra.