Stranda brannvern med øving

På Stranda kommune si heimeside er lagt ut melding frå brannsjefen om øving for Stranda brannvern. Ei eldre ubebodd hus på Øye i Sunnylvsbygda er øvingsobjekt.
-Stranda brannvern skal i samband med øving foreta ei kontrollert nedbrenning av eit hus på Hellebostad (Øye) i Sunnylvsbygda måndag 28. september.
Øvinga vil gå føre seg frå kl. 10:00 og utover ettermiddag og kveld.
Det vert øvd på vassforsyning, røykdykking og sløkkjeteknikk.
Det kjem til å vere synleg røyk og flammar i området medan øvinga pågår, og brannvernet oppmodar innbyggjarane om å ikkje ringe 110-sentralen om dette.
Eigar har fått løyve til å brenne huset, og det føreligg avfallsplan.
Naboar er varlsa særskild.
Inge Teigen
Brannsjef Stranda kommune
Mob: 464 11 033