Lokalnytt

Stranda-ordføraren høgt på vallista

Stortingsrepresentant Jenny Klinge er klar for sin fjerde periode på tinget. Her saman med Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad under eit besøk i 2015, med Hellesylt i bakgrunnen.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad er av nominasjonskomiteen i Senterpartiet sett opp på fjerde plass på vallista for partiet i Møre og Romsdal. Stortingsrepresentant Jenny Klinge toppar lista.

Om nominasjonskomiteen sitt forslag blir vedteke vil Senterpartiet gå til val i Møre og Romsdal med dei same tre toppkandidatane som under valet i 2017.

Ikkje uventa er Jenny Klinge på topp, Vestnes-ordfører Geir Inge Lien står på andre plass, og Marit Nerås Krogsæter er sett opp på tredje.
På fjerde plass står Stranda-ordfører Jan Ove Tryggestad, med Per Ivar Lied frå Ørsta på femte.

At Tryggestad er plassert så høgt mellom mange gode kandidatar er ei tydeleg tillitserklæring av det arbeidet han har lagt ned som ordførar i Stranda. Vi har også registrert at andre-plassen på lista har vore på tale, men spørsmålet er vel om Tryggestad sjølv ønskjer det som kan bli ein plass på tinget. Vi har ikkje innhenta hans eigen kommentar på det.
Jenny Klinge er av nominasjonskomiteen samrøystes innstilt til fyrste plass. Ho har gjort jobben som stortingsrepresentant for heile fylket, og tala distrikt-Norge sitt ord i små og store saker og vil halde fram med det, lovar ho. Nokon må gjere også det, eksempelvis kjempe for at vi får behalde småflyplassar som Hovden Ørsta/Volda.

-Det er ei stor ære å bli einstemmig innstilt til førsteplassen, og eg gler meg til å stå på vidare for alle deler av fylket om nominasjonsmøtet og veljarane vil ha meg med vidare i fire nye år, seier Jenny Klinge i ein kommentar til hellesylt.info.

Jenny Klinge har snart tre periodar bak seg på Stortinget. Senterpartiet i Møre og Romsdal har sitt nominasjonsmøte for Stortingsvalet 2021 i Ålesund 28. november.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380