Sunnylven sanitetslag markerer temaveka

Fyrste klasse ved Sunnylven skule har tre elevar i år. Frå Sunnylven sanitetslag fekk dei kvar sin handduk med namnet sitt på. (Foto: Ruth Hole Aaland)

Veke 39 var Saniteten si veke der temaet denne gongen var «Spis med oss». Som alltid markerer Sunnylven sanitetslag «veka» med ulike tiltak i nærmiljøet både for unge og eldre.

I Saniteten si veke fekk tre elevar i 1. klasse ved Sunnylven skule kvar sin handduk med namnet sitt brodert på, ei gåve som har blitt tradisjon frå Sunnylven sanitetslag å gje til fyrste klasse.
På skulen vil laget også prøve å kome i gong som Lesevenn om ikkje alt for lenge, kanskje like etter haustferien. Og då vil laget sjå på gode løysingar i høve korona-situasjonen som stettar krava til smittevern, står å lese i informasjon som Sunnylven sanitetslag har sendt ut.

Spanderer godt kveldsmåltid

Som tiltak i samband med temaet for veka ønska sanitetslaget også å invitere pensjonærane på Sunnylven omsorgssenter til kaffistund, ei hyggeleg samkome, men som det i år blir uråd å gjennomføre. I staden vil sanitetslaget kjøpe inn godt pålegg av ulikt slag og håper dei tilsette ved omsorgssenteret kan lage til eit ekstra godt kveldsmåltid til alle på «heimen».

Kløvertur med Sunnylven sanitetslag har ofte hatt god oppslutning. No håper laget at mange både kvinner og menn blir med på tur til Kjellsaddalen torsdag 1. oktober.

Klart for Kløvertur 1. oktober

Kløvertur med kveldsmat på kyrkjelydshuset har vore kjekt å arrangere, og er eit fint arrangement i høve temaet «Spis med oss», skriv Sunnylven sanitetslag.
-No må vi tenkje anleis. Vi er ein gjeng damer som går tur to dagar i veka. Denne veka inviterer vi med også andre som har lyst og høve til å vere med på tur i Kjellstaddalen torsdag 1. oktober. Det blir vår fyrste Kløvertur denne hausten.
Vi møtast ved Tronstad grendahus torsdag klokka 10.00 og går i Kjellstaddalen så langt som kvar einskild ønskjer, gjerne fram til trimposten. Alle tek med eiga niste og kaffi, eller anna drikke sjølve.
I flate og vakre Kjellstaddalen er det god plass, så vi håper at mange, både kvinner og menn blir med på sanitetslaget sin første Kløvertur i haust, heiter det i informasjon som Sunnylven sanitetslag gjer kjent gjennom www.hellesylt.info

Har nokon behov for skyss i høve kløverturen, ta kontakt med Kari, Ingebjørg eller Solfrid.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380