Superstjerna fekk handlenett med varer

Ellen Angelika Fivelstad driv Hellesylt Boutique & Bar. I tillegg til kaffi og kaker sel ho mellom anna nydesigna handlenett med motiv av det kjente basehoppfjellet Helsetkopen, og halsplagg med namn og høgde på andre Sunnylvs -og Sunnmørsfjell.

På Hellesylt Boutique & Bar sel dei kaffi og kaker, men også praktiske ting for bruk. Eit handlenett med bildetrykk av Helsetkopen og varer vart superstjerna Tom Cruise til del.

Det er Anne Jorun Sæten frå Hellesylt som har designa handlenettet med motiv av Helsetkopen. Fjellet har som kjent blitt omtala i både lokale og nasjonale media i det siste i samband med innspeling av aktionfilmen Mission Impossible 7.

Og superstjerna i filmen, Tom Cruise har fått eit fysisk minne frå Hellesylt, eit av dei nemde handlenetta, fylt med lokale matvarer. Og ikkje uventa var det kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS som donerte det meste til gåva, eit variert utval spekemat. Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal fortel at det vart både Ringdalmør og Alpepølse, det siste eit produkt av mange og som har falle i smak hos kundane.

-Klart det vart Alpepølse i handlenettet. Tom Cruise har då sveva både over og ut frå Sunnmørske alpefjell mange gonger dei siste dagane, mellom anna frå Helsetkopen som ligg like i nærleiken av der reklamebiletet for Alpepølsa er teke. Det var ei grom gåve der det kom mange flotte tilbakemeldingar, også på varene som følgde med, fortel Ole A. Ringdal.

Alpepølse, eit nytt produkt frå Ole Ringdal AS som har falle i smak hos forbrukarane. Biletet er frå Liadalen, ein sætredal nær Helsetkopen. Middagsnibba (1531) i bakgrunnen. (Foto: Ole Ringdal AS)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380