Superstjerne rosar Norge

Tom Cruise under fantastiske dagar ved Helsetkopen på Helset.

Kulturminister Abid Raja har møtt Hollywood-stjerna Tom Cruise i Romsdalen i dag. I mobilopptake får kulturministeren fantastiske tilbakemeldingar frå superstjerna.

-Vi elskar landet dokkar, sa Tom Cruise til Abid Raja i følgje www.tv2.no Og i møtet mellom Hollywood-stjerna og kulturministeren som fann stad tysdag i Romsdalen under innspeling av Mission Impossible ønskjer Cruise seg tilbake for å spele inn nye filmar.

Fantastisk mottaking

Tidlegare er det gjort opptak på Helsetkopen på Hellesylt i Sunnylven der Tom Cruise mellom anna køyrde motorsykkel utfor det 1246 meter høge fjellet. Korleis den opplevinga var ville ikkje 58 år gamle Cruise seie noko om til Raja.
-Når filmen kjem ut, så skal du få vite alt, var svaret.

Tom Cruise takka også for velkomsten og møtet med folket her.
-Eg snakkar ikkje berre på vegne av meg sjølv, men heile filmbesetninga. Folk er heilt fantastiske. Tusen takk, skal Tom Cruise ha sagt.

Spektakulært på Hellesylt

-Koronatesting har vore eit krav heile vegen under produksjonen. Alle blir testa to tre gonger i veka, så her tek dei korona på alvor, sa Raja.
Om handlinga i filmen fekk ikkje kulturministeren vite så mykje om, men;
-Hellesylt kjem til å ha ei av dei mest spektakulære actionscenene som er ekte og gjennomført av hovudpersonen. Det er klart at det blir spektakulært, sa Raja til tv2

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380