Tom Cruise møtte publikum

Etter ein lang dag med filming ved og på Helsetkopen ønska Hollyvoodstjerna Tom Cruise å møte publikum på Helset. Møtet vart ei oppleving med foto for minneboka for femti beundrarar.
I godt ver med lite vind vart det ein ny filmdag i Sunnylvsbygda og Helsetkopen laurdag 19. september. Her gjorde Mission Impossible-stjerna Tom Cruise fleire hopp i fallskjerm frå helikopter, og det skal også ha blitt gjennomført hopp på motorsykkel frå den store rampa på Helsetkopen. På den vesle rampa på fjellplatået kunne publikum med gode kikkertar observere aktivitet av person på motorsykkel.
Etter endt dag som kanskje var den siste med filmopptak i Sunnylven og Hellesylt, landa Tom Cruise i fallskjerm på flata ved Helsetvatnet. Han ønska å møte publikum som hadde møtt fram talrikt også denne dagen i håp om å få eit nærmøte og kanskje eit foto saman med den berømte skodespelaren. Og dei fekk full valuta for ventetida. Ryktet spreidde seg at Tom Cruise hadde gjeve managmentet sitt beskjed om at han ville møte den lokale fansen. Brua over Bygdaelva på Hauge til basen ved Helsetvatnet vart opna og eit femti-talls store og små var kjapt på plass på området.
Her vart det instruert korleis publikum skulle opptre i møte med superstjerna. Munnbind eller tilsvarane var påbode, fysisk kontakt med Cruise var ikkje tillatt, autografskriving var ikkje aktuelt, og møtet skulle foregå i puljer med maks seks personar grunna covid-19. Alle måtte også levere inn telefonar og fotoapparat, for berre tilsette i filmselskapet skulle ta seg av fotografering. All instruksjon vart etterlevd, det var ei disiplinert forsamling som stilte til fotografering saman med hovudpersonen som viste seg å vere den hyggelege personen som alle hadde håpa på. Det var kult å få møte han var kommentarar vi fanga opp frå unge fans.
I følgje tilsette i filmteamet var laurdag 19. september truleg siste dag med filming i og på Helsetkopen, eit fjell Tom Cruise lika svært godt å hoppe frå, fekk hellesylt.info seg fortalt.
Tom Cruise sitt siste hopp laurdag.