«Turneringslaget»

Sunnylven FK sitt jenter 9 år 5-er var på fotballturnering på Skodje laurdag og representerte klubben på ein framifrå måte
Jenter 9 år spela tre kampar under turneringa på Skodje mot lag i same klasse, mot Sykkylven FK, Norborg FK, og arrangørklubben Skodje FK. Det vart tre sigrar, dei raude og blå skåra ni mål og sleppte inn null. Og som alle på dei andre laga fekk alle gullmedaljer for innsatsen. Turneringa hadde ingen taparar, berre vinnarar.
Vi tek også med at Sunnylven jenter 12 år 7-er spela kamp mot Ørsta på Hellesylt stadion torsdag 24. september. Sunnylven vann kampen 8-4 (3-3).