Lokalnytt

Utdeling av fireårsbok.

Fireåringane samla før utdeling av bok.

Under gudstenesta søndag fekk 8 fireåringar, to jenter og seks gutar overrakt kvar sitt eksemplar av kyrkjeboka av vikarprest Margrete Kvalbein.

Det var med lette, kjappe steg to jenter og seks gutar møtte fram til vikarprest Margrete Kvalbein for å ta mot 4-års boka under gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag. Dette var tydeleg ei populær gåve som vart opna og blada i med det same av dei unge mottakarane.

Vikarprest Margrete Kvalbein. Til venstre medliturg Ann Kristin Langeland.

Det var også hausttakkefest, nattverd og offer til Kirkens Bymisjon..

Medliturg Ann Kristin Langeland leda an i prosesjonen,

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info