Vedtok reguleringsplan for Tryggestad/Langeland

I bakgrunnen på bildet med mykje barskog ligg området som er regulert til industri -og byggeområde.

På møte onsdag 23. september vedtok Stranda kommunestyre reguleringsplanen for Tryggestad/Langeland. Kommunestyret gjekk for alt. 1, og vedtaket var samrøystes.

I 2017 vart reguleringsplanen for Tryggestad/Langeland i Sunnylven vedteken, eit område med areal for industri, bustader og hyttebygging.
Det kom inn merknader på vedtaket, og etter det har planen lege litt på vent, sa kommunalsjef for plan og  utvikling, Einar Lied då han orienterte kommunestyre om historikken. No kom  planen på nytt opp til behandling då området som planen femna om er aktuelt for mellom anna hydrogenproduksjon.

Også denne gongen hadde det kome inn merknader til planen. Desse har blitt vurdert, men ikkje tekne til følgje, sa Lied og la til; -Det er slik her som med alle planar, ting kan sikkert gjerast betre og annleis, men ein stad må arbeidet vere fullført. Vi har ein godkjent reguleringsplan etter alt. 1. Ved val av alt. 2 (ei anna veginnføring til området) må vi gjennom ein ny reguleringsprosess, sa Lied.

Både formannskapet, og så kommunestyret gjekk inn for rådmannen si tilråding som var;
-Stranda kommune finn etter ei samla vurdering ikkje å ta klaga til følgje, og held dermed fast på kommunestyresak 008/17 der alternativ 1 er valt. Dei tilhøve som klagar viser til er vurdert og har ikkje ført til at vedtaket vert endra. Dette vert forsterka av påpeika omsyn til trafikktryggleik og minst mogleg inngrep i myr-.

Under behandling i kommunestyret gjekk Gunnhild Kvam, Knut Dag Langeland og Jan Ove Tryggestad alle frå då dei har interesser/rettigheiter knytt til området.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380