Alternativ årsavslutning i Sunnylven Fotball

Rappelering frå 10-meteren var kanskje den største utfordringa for dei fleste på fotballavslutninga. Jens Arve Forbord på toppen kontrollerer at alt går bra.

Grunna korona-situasjonen vart det alternativ årsavslutning for Sunnylven Fotball yngres avdeling. På badestranda var jenter og gutar på tre lag samla saman med trenarar og oppmenn til spanande aktivitetar.

På badestranda på Hellesylt var det folksamt siste søndag i oktober, ikkje av badegjestar, til det var ikkje luft –og sjøtemperatur fristande. Det var Sunnylven Fotball som arrangerte årsavslutning for tre lag i yngres avdeling.

Høgt frå 10-meteren

Jens Arve Forbord frå Hjørundfjorden Mountain Guide, og Helge Kvam Karbø frå Fjord Nature heldt med utstyr og rettleia i aktivitetane. Her kunne rundt 30 unge fotballspelarar saman med sine trenarar og oppmenn velje mellom aktivitetar som pil og boge, kajakkpadling, pistolskyting, spikarslag og rappelering frå 10-meteren på stupetårnet. Alle prøvde alt, men største utfordring var nok å rappelere ned frå stupetårnet.

Kajakkpadling på Sunnylvsfjorden var populært. Helge Kvam Karbø hadde kontroll.

Sponsa servering

Leiar i forballgruppa i Sunnylven IL, Lillian Aasheim stadfesta at dette var fotballavslutninga for yngres avdeling i år. Vanlegvis har årsavslutninga blitt halde på samfunnshuset med bingo, men grunna korona-epidemien måtte dei i år tenkje alternativt.
Kanskje var dette ei sesongavslutning som bør gjentakast. Fotballtrofé og diplom vart i alle høve utdelt, og i tillegg var det servering av pølse med brød sponsa av Ole Ringdal AS, og sjokoladekake frå Stabburet.

Mål i sikte med pil og boge. Instruktør her var fotballeiar Lillian Aasheim.

Alternativ juleaktivitet

I desse korona-tider kan kanskje eit slikt opplegg vere noko også for andre som alternativ eller erstatning for julebord. Vi trur vaksne i lag og bedrifter kunne fått ein flott dag med eit slikt opplegg på badestranda på Hellesylt.
Jens Arve Forbord var i alle høve positiv til å rigge aktivitetsutstyr så sant Hjørundfjorden Mountain Guide hadde ledig kapasitet.
Også Helge Kvam Karbø i Fjord Nature er klar og håper personar som har lyst å prøve nye utfordringar tek kontakt for ein aktivitetsdag.
–I desse tider der ein må halde avstand er badestranda på Hellesylt eit flott alternativ, lett tilgjengeleg og veldig fin for aktivitetar, både det vi hadde i dag og andre ting, seier Helge Kvam Karbø.

Så då er ideen om alternativ julebordfeiring servert, det er berre å ta kontakt og avtale dag og tid med dei to som driv naturaktivitetar, Jens Arve Forbord eller Helge Kvam Karbø.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380