Årsmøte med juletallerken.

Peder Hellebostad er leiar i Sunnylven Bondelag.

Sunnylven Bondelag heldt årsmøte og med servering av juletallerken på Tronstad grendahus. Peder Hellebostad held fram som leiar i laget.

Sunnylven Bondelag har 63 medlemer, og av dei møtte 23 på årsmøtet fredag kveld. Årsmøtet var leia av nestleiar i laget Peder Rune Tronstad.
Grunna korona-situasjonen har det vore eit år med lav aktivitet i Sunnylven Bondelag. Det vart arrangert ein bonde-kafe, og elles halde nokre styremøte.

Gjestar på årsmøtet var Petter Melchior frå Norddal som snakka om klima, og orienterte om klimakalkulatoren – https://klimasmartlandbruk.no/om-prosjektet/utvikler-landbrukets-klimakalkulator-article262-862.html
Inge Bjørdal frå landbruksavdelinga i kommunen orienterte om søknader, og var innom forskrifter for bruk av husdyrgjødsel.

Val

Det vart attval av heile styret i Sunnylven Bondelag. Peder Hellebostad held fram som leiar, eit verv han har hatt i ei lang årrekke. Dei andre i styret er:
Peder Rune, Tronstad, nestleiar
Jørgen Helset, kasserar
Kurt Erik Sundgot, studieleiar
Jørn Stadheim, skrivar
Gunnhild Liva Folldal, styremedlem.

Varamedlemer:
Astrid Tronstad Dyrkorn
Knut Sundgot
Johan Inge Kjellstad

Valnemnd:
Jo Endre Føysadal, leiar
Olav Lade
Grete Bjørdal

På årsmøtet vart det til slutt servert velsmakande juletallerken til alle frammøtte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380