BERGLJOT HELSET HEIDRA ETTER 30 ÅRS TENESTE I KOMMUNEN

Frå festen for Bergljot Helset. Frå venstre: ordførar Leiv Berge, rektor Åge Evensen, Bergljot Helset og skulesjef Otto Hermann Overvoll.

30. september slutta Bergljot Helset som reinhaldsassistent ved Sunnylven skule. Då hadde ho 30 års teneste bak seg – med to kommuner som arbeidsgjevar og fleire skular som arbeidsstad fram gjennom åra. Mandag kveld vart ho på ei enkel tilstelning takka for innsatsen sin. Det vanka mange rosande ord for hennar arbeid og virke og for den trivsel ho har skapt rundt seg. -Du har vore en viktig miljøfaktor på arbeidsplassen din, sa skulesjef Otto Hermann Overvoll i si takk frå skulestyre og kommune. Han overrekte ein vakker orkidevase frå arbeidsgjevaren. Elles vanka det både blomar og takkens ord frå lærarkollegiet, vaktmeisteren ved skulen og ordførar Leiv Berge.

Gjestane vart først bydde på kaffi, smørbrød og blautkake på tilstelninga, som vart halden på skulen. Så tok skulesjef Overvoll ordet. Han takka Bergljot Helset varmt for det arbeidet ho har utført gjennom 30 år. – Du har gjort ein profesjonell og viktig jobb i den bedrifta som skulen vår er sa han mellom anna, og fortalde om arbeidet Bergljot har hatt både med tidlegare Sunnylven kommune og no Stranda kommune som arbeidsgjevar. Med helsing frå Stranda skulestyre og på vegne av alle tilsette overrekte han så den fine gåva. Rektor Åge Evensen. ved Sunnylven skule takka Bergljot for samarbeidet og rosa henne for godt arbeid og at det alltid hadde vore så lett å samarbeide med henne. Han ønskte både henne og mannen Olav til lukke med tida framover og overrekte blomar frå lærarpersonalet. På vegne av formannskapet takka så ordførar Berge i velvalde ordelag. – Eg er særleg glad for i slike anledningar å få kunne vere med å vise takksemd overfor dei som gjer ein innsats for kommunen, sa han, og bar fram blomar til Bergljot som ei synleg takk.

Knut J. Tryggestad har som vaktmeister arbeidd saman med Bergljot i 12 år. Han skildra det gode miljøet dei hadde hatt på vaskerommet. – Bergljot har bore med seg så mykje lys at vi aldri har hatt bruk for meir enn den eine lyspæra vi har på vaskerommet vårt ! sa han. Også han ønskte Bergljot og Olav det aller beste for åra framover. Bergljot Helset takka for alle dei vakre ord og gåver: – Eg har freista gjort mi plikt. Det har eg gjort med stor arbeidsglede. Eg har gledt meg til kvart skuleår, for her har vi eit ualminneleg godt miljø, sa ho. Elles ønskte både skulesjef og vaktmeister Jorunn Hellesylt velkomen i si nye stilling. Ho har alt teke til i stillinga som Bergljot no har forlete.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen 16. oktober 1985.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info