Lokalnytt

Berre Korsbrekkelaks i Korsbrekkeelva

Asbjørn Ekornåsvåg til venstre, Arne Korsbrekke og Glenn W. Stadheim merka og tok skjellprøver av rundt 30 stamlaksar.

Nyleg vart det teke skjellprøver og sett merke i laksen som skal stå for neste års lakseyngel ved klekkeriet i Husøyna. Korsbrekkeelva sitt genetisk rette arvemateriale blir stadfesta.

Korsbrekke elveeigarlag førebur seg på eit nytt år med yngelproduksjon ved klekkeriet i Husøyna.
Tidlegare i haust er det henta opp eit tretti-talls stamfisk av ho og hann-laks frå elva. No står dei i kummar med reint, friskt vatn  ved klekkeriet før dei skal strykast som det heiter.

-Vi har fått nok av både ho –og hann-fisk, fortel Arne Korsbrekke, ein nestor med 60 – 70 års erfaring i arbeidet ved klekkeriet. Han har signalisert at han vil trappe ned på jobben snart, men interessert som han er blir han nok med eit år til.
Han synest det er blitt rikeleg mange pålegg og kontrollar å forhalde seg til i yngelproduksjonen, men meiner det er viktig å halde fram kultiveringsarbeidet. Korsbrekkeelva er ikkje ei gyteelv frå naturen si side med sandbotn, men mykje stein og svaberg, seier Arne Korsbrekke.

Her blir ein plastbit med nummer festa i ryggfinnen. Skjellprøva vil vise om det er ein «slekning» frå Korsbrekkeelva. I motsatt fall blir den ikkje med i yngelproduksjonen.

Då vi besøkte klekkeriet i Husøyna var tre mann i arbeid med å merke neste års gytefisk med eit nummer i ryggfinnen og ta skjellprøver frå kvar fisk. Skjellprøvene skulle fortelje om det var oppdrettsfisk, eller villaks av Korsbrekkestamma.
-Prøvene blir sende til Veterinærinstituttet i Trondheim der vi får svar frå om nokre dagar. Prøvene slår 110 prosent fast om det er Korsbrekkelaks vi har i vasskummane eller ikkje. Er laksen frå ei anna elv blir den ikkje brukt i yngelproduksjonen. I Korsbrekkeelva skal det vere Korsbrekkelaks, det er det vi vil avle fram, så dette arbeidet synest eg er fornuftig, seier Glenn W. Stadheim.

Saman med dei to elveeigarane var også leiaren i elveeigarlaget, Asbjørn Ekornåsvåg. Han hadde teke turen frå Emblem til Hellesylt for å vere med på den kalde og våte jobben.
-Eg har interesse av å vere med på kultivering av den gode lakseelva, og å fiske her. Kvart år set vi ut 100 000 lakseyngel, men berre 600 kjem tilbake til elva, så vi gjer nok eit arbeid som også andre har glede av, meiner Ekornåsvåg.

Om eit par veker er det venta at dei fyrste ho og hann-laksane skal strykast for rogn og mjølke, det som skal bli «laksebarn» for utsetjing til våren.

Leiar i elveeigarlaget Asbjørn Ekornåsvåg med eit eksemplar som skal føre villaksstamma i Korsbrekkeelva vidare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380