Bygdetun-stova får friske tømmerstokkar

Det gamle stovehuset i Hellesylt Bygdetun er i skrøpeleg forfatning. Tømmerstokkar er sterkt skada av råte, og grunnmuren sig.
I lang tid har ein stilas stått på nedsida av det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun. Den var sett opp då grunnmuren under huset skulle utbetrast. Den sig ut, men arbeidet vart utsett då det viste seg at det måtte gjerast meir for å berge huset. Mellom anna var mykje av tømmeret i veggane skada av råte.
-I haust skal det skje noko, seier styreleiar i stiftinga Hellesylt Bygdetun, Jan Ove Tryggestad. – Heile huset skal plukkast ned, pakkast og sendast til Volda. Der skal restauratør Kåre Løvoll og hjelparar skifte inn friske tømmerstokkar der det trengs, og gjere huset klart for oppbygging i Bygdetunet igjen.
Når det gjeld finansieringa seier Tryggestad at stiftinga har noko middlar, men arbeidet er ikkje fullfinansiert.
-Det har blitt avslag på søknader, men vi kjem til å sende nye søknader. Mellom anna har fylket oppmoda oss om å søkje på nytt då dei ser på bevaring av stova som viktig. Å få gjort noko hastar, for mange av tømmerstokkane er så råtne at det kan køyrast ein tollekniv tvers igjennom. Og når den gamle stova er vekk skal også grunnmuren som sig utbetrast, seier Jan Ove Tryggestad.