Deltok på Skiskyttartreffen 2020

Alle deltakarane på Skiskyttartreffen 2020 samla etter ein lang treningsdag.

Sunnylven stilte med sju deltakarar under Skiskyttartreffen 2020 som vart halden på Harpefossen 17. oktober. Elevar og trenarar frå landslinja Stryn VGS var med som trenarar i tillegg til lokale trenarar frå Nordfjord Team. Samla var det rundt 40 deltakarar som var delt inn i tre aldersgrupper. Fordelt på fem økter fekk dei trening innan styrke/ spenst/ hurtigheit, teknikk, skyting, rulleskileik og intervall. Veret var ikkje det beste, men tilbakemeldingane frå deltakarane var at dette var veldig kjekt og at dei hadde fått mykje tips og inspirasjon til vidare trening.

Marta.

Oskar.

Ingeborg.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info