Eitt år i Kongens klær for Andrea

Andrea Kjellstad tel ned dagane til ho skal møte i det militære, 26. oktober på sin gebursdag.

Andrea Kjellstad er 18 år og oppvaksen på garden Haugen i Nibbedalen. Om to veker møter ho til oppdressing i Kongens klær der ho har meldt seg til teneste.

Vi møtte Andrea Kjellstad på Coop Marknad bak kassa på butikken på Hellesylt ein laurdag. Der har ho hatt sin jobb den siste tida, akkurat som bestemor si for nokre år sidan. Og ikkje nok med det, ho går i bestemor Aslaug sine «fotspor» også på andre måtar. Aslaug Kjellstad var aktiv sauedommaren i mange år, ein profesjon ho var den fyrste å ha på Sunnmøre som kvinne.
Nyleg var barnebarnet Andrea i Ørsta og fekk prøve seg i same faget som aspirantdommar. Det gjekk svært så bra, -dei vil gjerne at eg skal kome igjen og vere med på kåringssjå også neste år, fortel dommaraspirant Andrea.

Søkte på Garden

Så spørst det då om det høver så godt med planane. Som Malin Fivelstad, ei anna jente med slektsband i Nibbedalen, har ho meldt seg interessert i tolv månader militærteneste, men om ho kjem inn i avdelinga i Hans Majestet Kongens Garde slik ho søkte veit ho ikkje enno. Fyrst er det oppmøte som rekrutt ved Elverum om to veker på gebursdagen 26. oktober.
Ho både gruar og gleder seg litt, for ho  veit lite kva ho går til, men har sett på fleire utdanningstilbod under tenesta. Med ti års erfaring på baryton frå Sunnylven skulekorps kan det også fort blir ein plass i gardemusikken.

Vil bli sauebonde

Vi prøver å ikkje hefte Andrea i jobben denne laurdagen, for kundane kjem og går heile tida. Vi slenger ut spørsmåla og ho svarer fort og forstandig.
I Nibbedalen er mykje hjort, men ho har ikkje blitt med på jakt enno. Kanskje når ho kjem heim frå militære, og har lært seg å handtere eit våpen, seier ho.
Ho ønskjer å ta over sauebruket ein gong i framtida, men ho må ha ein jobb i tillegg til garden. Eit sauebruk med hundre vinterfora sau er ikkje nok å leve av slik lønsemda er i dag, seier ho.

Jobb i heimbygda

Men kva jobbar finn ein på Hellesylt?
-Å gå politiskule som eg har hatt lyst til har eg slått frå seg, men som 18-åring synest eg det er vanskeleg å bestemme seg for vidare utdanning. Ho håper å finne ein jobb i heimbygda, -det er vel snakka om ting som kan kome i framtida, så vi får tru det blir ein realitet, seier Andrea.

Etter ferdig på jobb på Coop Marked laurdag, skulle Andrea og mormor Aslaug gjere ein jobb i lag, fortalde ho. Fleire lam og ungsauer skulle då tilberedast for både spekemat og frysevarer heime på garden på Haugen i Nibbedalen.

Nyleg var Andrea Kjellstad aspirantdommar under eit kåringssjå i Ørsta. Ho fekk gode tilbakemeldingar på jobben. (Faksimile frå Mørenytt)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380