Lokalnytt

Eventyrlege dagar i Sunnylven

Tom Cruise.

Etter veker tidleg i haust med aktivitet i lufta og på land har stillheita teke bygda Sunnylven tilbake. Filmcrewet, skaparane av Mission Impossible 7 har pakka saman og reist frå Hellesylt.

Ryktet hadde svirra ei tid, og på eit informasjonsmøte i kantina til Ole Ringdal AS på Hellesylt i august vart det offisielt stadfesta. Ein ny Mission Impossible-film skulle skapast med filmscener frå og kring Helsetkopen, det 1246 meter høge og populære basehopp-fjellet i Sunnylvsbygda.

Alle løyver var ordna, og etter veker med rigging kom opptaka til Mission Impossible 7 i gong tidleg i september.

Tettstaden Hellesylt vart forvandla frå den idylliske staden til ein myldrande plass, ein helikopterbase med opptil ti flygemaskiner samstundes, der var parkert eit stort tal bilar, festivaltelt var rigga og sperringar med vaktmannskap var på plass. Ved djupvasskaia la hurtigruteskipet Fridtjof Nansen til. Det skulle nyttast som hotellskip for dei mange som jobba for filmselskapet, men så starta ein debatt som enda heilt inn i regjeringa. Skipet kunne ikkje nyttast som hotellskip vart det hevda, mellom anna på grunn av utanlandsk besetning om bord. Fridtjof Nansen vart bytta ut med Finnmarken, ein annan båt frå Hurtigruten.

Tom Cruise.

I bygda der alle kjenner alle fekk vart det også besøk av prisbelønna Hollywood-stjerner. Den mest kjente var nok Tom Cruise som fekk eigen villa i Valldal. Han pendla fram og tilbake til fallskjermhopp og filmopptak i sitt svarte helikopter.
At storstjerna Cruise var med i filmen var ekstra spanande. Det viste seg at han hadde mange beundrarar i bygda, det var dagar der ti-talls unge og eldre prøvde å nærme seg den berømte filmstjerna.
Og jubel og boblebrus var på plass når filmscener vart gjennomført på vellukka måte. Det var stort det som skjedde i «gøymtbortdalen», der helikopterdur overdøyvde sauebjøller og rautande storfe, der ei av verdas største filmstjerner gjekk rundt å kosa seg og smilte.

September kom med ein del dårleg ver, men etter meir enn to veker med forsøk på å få unna filmopptaka var det viktigaste gjort. Laurdag 19. september kom med sol og vindstille og vart den siste store filmdagen i Sunnylven.
Alt hadde gått bra, også mange av filmscenene som aldri hadde blitt gjorde før. Kva ord kan ein bruke om motorsykkelstuntet der Tom Cruise køyrer utfor Helsetkopen og landar i fallskjerm ved Helsetvatnet. Det var fantastisk og kanskje litt nervepirrande for dei mange som følgje med på utførelsen gjennom kikkerten.

 

Tom Cruise.

Hollywood-stjerna Tom Cruise gjennomførte dei planlagde scenene fleire gonger og kom heilskapt ned i sin blå fallskjerm. Det er fortalt at han tykte det var flott å hoppe i fallskjerm i Sunnylvsbygda. Ved landingsområdet fekk eit 50-talls personar møte Cruise den siste store filmdagen. Det var han sjølv som ønska å møte fansen, at møtet skulle finne stad. Hollywood-skodespelaren var svært så hyggeleg, har vi fått oss fortalt. Han takka for all gjestfriheit, for måten han hadde blitt møtt på av folket, og han omtala Norge som eit svært vakkert land.

Mange fotoalbum fekk bilete frå møtet som mange vil huske med glede, det vart mange fotominne av største verdi. Det vart mykje å rydde i fjellmassivet under Helsetkopen og ned etter Kopgrova. Som rimeleg kan vere, låg der små og store motorsykkeldeler etter dei krasja syklane. Dei fall i avgrunnen når tøffingen Cruise hoppa av og ut i fallskjerm.

Filmselskapet hyra inn folk og gjorde ein god oppryddingsjobb. Også oppe på basehopp-fjellet var det rigga store installasjonar, og også der vart det rydda opp utan større synlege sår i terrenget, og til godkjenning av Stranda kommune og av grunneigar.

Vi trur filmfolka fekk flotte opptak til actionfilmen Mission Impossible 7, og kanskje vart opptaka slik filmselskapet ønska, det håper vi. Og Hellesylt og Sunnylven fekk vist seg fram på ein flott måte. Alt for mange gonger har det blitt negative overskrifter, ofte har bygda fått eit stempel som ikkje har blitt begrunna særleg godt. Denne gongen har det blitt gode ord, ikkje minst frå filmregissør Christopher Mcquarrie, ei helsing som gleda sunnylvingar.

Så spørst det då om Sunnylven, Stranda kommune og for den del distriktet maktar å utnytte reklameverdien som denne filmen heilt sikkert vil skape. Kanskje må fleire jobbe i lag, ikkje berre for si eiga vesle grend, sitt område eller eiga bedrift. Fleire trådar fletta saman er sterkare enn ein, heiter det.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380