Notiser

Fjellrosa 4H feirar utan fest

Til saman 35 klubbar og nesten 600 4H-arar er klare for fest rundt om i Møre og Romsdal. I Fjellrosa 4H blir det ei anna avslutning på arbeidsåret grunna korona-situasjonen.

På haustfesten feirar 4H medlemane seg sjølv, og vise fram 4H-arbeidet og alt dei har lært gjennom året.
Til vanleg er haustfesten eit ope arrangement der nærmiljøet er invitert til mat, utdeling av 4H-merker, og underhalding. I år må alle tenkje nytt grunna korona-epidemien som enno ikkje er under kontroll.
I Fjellrosa 4H har medlemane bestemt at det ikkje blir haustfest i tradisjonelle former denne gongen. Ei årsak er koronasituasjonen, ei anna at det for tida ikkje er ledige lokale i bygda som høver. Det blir litt feiring for berre medlemer, og så utdeling av merker for fullførte 4H-oppgåver i 2020, får vi opplyst frå klubben.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380