Grusa opp uteområdet

Knut Dag Langeland og Trond Åge Dyrkorn (i gravemaskina) planerer ut kommunal grus ved Sunnylven ungdomsskule. Olav Lade køyrde sanden på plass.

I skuleåret då Sunnylven skule er under rehabilitering held ungdomsskulesteget til i tidlegare Hauge skule. Her vart uteområdet grusa opp sist fredag.

Nedgraving av høgspentkabel og fiberframføring i Sunnylvsbygda førte til at ein del jord kom opp på uteområdet til ungdomsskulen på Hauge.
Fredag var nokre foreldre i sving med å ta vekk jordlaget og legge grus på området for å hjelpe på reinhaldet.
Det var Stranda kommune som heldt med grus, fekk vi oss fortalt. Arbeidet vart gjort på dugnad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380